Taco

Taco[a] er ein tradisjonell meksikansk matrett som består av ein liten handstor mais- eller kveitetortilla med fyll. Tortillaen blir bretta rundt fyllet og eten med handa. Ein kan laga taco med mange ulike typar fyll, som oksekjøt, grisekjøt, kylling, sjømat, bønner, grønsaker og ost, og garnera han med ulike smakstilsetjingar som salsa, guacamole eller rømme, og grønsaker, som salat, koriander, lauk, tomat og chili.[1] Taco er ei vanleg form for antojito, eller meksikansk gatekjøkkenmat, som har spreidd seg over heile verda.[2]
Tortillaen kan også steikast eller frityrsteikast til eit hardt, U-forma skjel, og dette er blitt ein utbreidd tacotype i mellom anna Noreg.[3] Tilbehøyret stammar ofte frå texmex- eller calimex-tradisjonane, meksikansk mat vidareutvikla i Texas og California.[4]
Taco kan samanliknast med liknande matvarer som burrito, som ofte er mykje større og rulla saman i staden for å foldast; taquito, som blir rulla og steikte; eller chalupa/tostada, der tortillaen blir steikt før han blir fylt.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]
Opphavet til ordet «taco» er omdiskutert, og avleiingar av ordet med den kulinariske tydinga si er generelt teoretiske.[5][6] «Taco» med tydinga meksikansk rett med ein maistortilla bretta rundt mat er berre ei av tydingane til dette ordet, ifølgje Real Academia Española, utgjevaren av Diccionario de la Lengua Española.[7] Denne tydinga av det spanske ordet «taco» er ei meksikansk oppfinning,[6] men ordet «taco» i andre kontekstar kan visa til ‘kile; dott, plugg; biljardkø; blåserøyr; ladestokk, ein kort, tettbygd person‘ eller eit ‘kort, tjukt trestykke’.[7] Det etymologiske opphavet til ordet i denne tydinga er germansk og har kognatar på andre europeiske språk, som fransk tache og engelsk tack.[8]
I Spania kan ordet «taco» òg nyttast i samband med oppskorne bitar av ost eller skinke. Tacos de jamón er terningforma stykke av skinke, eller til tider bitar og avskjer av skinke som er att etter at ein har skore av større stykke.[9] Desse kan serverast som tapas eller gatemat, eller kan leggjast til andre retter som salmorejo, omelett, stuing, empanadas eller melón con jamón.[10][11][12]
Ifølgje ein etymologisk teori kan det kulinariske opphavet til ordet «taco» i Mexico sporast til bruken av det blant meksikanske sølvgruvearbeidarar som eit ord som tyder ‘plugg’. Gruvearbeidarane nytta eksplosiv i pluggformer laga av eit papir bretta rundt eit «fyll» av krut.
Det er òg lagt fram forslag om innfødde opphav til ordet. Ei mogleg avleiing er frå nahuatl-ordet tlahco, som tyder ‘halv’ eller ‘i midten’,[13] i den forstand at ein legg maten midt i ein tortilla.[14] Ein kjenner også til at det fanst matrettar som likna moderne taco i førkolumbiske samfunn – til dømes tlaxcalli på nahuatl, ein type maiskortilla.[13]
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Opphavet til taco i Mexico er omdiskutert, med nokre som hevdar at retten er eldre enn tilkomet av spanjolane til Mexico, sidan det finst antropologiske bevis for at urfolk frå innsjøregionen i Mexicodalen tradisjonelt åt tacoar fylte med små fiskar. Under tida til dei spanske conquistadorane dokumenterte Bernal Díaz del Castillo den fyrste taco-festen for europearar, eit måltid Hernán Cortés heldt for kapteinane sine i Coyoacán.[15][16] Andre hevdar at retten blei funnen opp mykje seinare, og at han blei laga av sølvgruvearbeidarar på 1700-talet.[17]
Eit av dei eldste skriftlege døma på bruken av ordet «taco» kjem frå ei kokebok frå 1836, Nuevo y sencillo arte de cocina, reposteria y refrescos av Antonia Carrillo. I ei oppskrift på rulla svinekam (lomo de cerdo enrollado) instruerer ho lesarane til å rulla svinekammen som dei ville ein taco de tortilla eller tortilla-taco.[18]
Ein tidleg bruk av ordet taco kjem frå romanen El hombre de la situación (1861) av den meksikanske forfattaren Manuel Payno.[19] Dette er eit eldre døme enn ein annan tidleg bruk av ordet «taco» i Mexico av same forfattar, i romanen Los bandidos de Río Frío frå 1891.[20]
Det er også verdt å merka seg at omgrepet taco var regionalt, og utbreidd i Mexico by og området rundt, medan andre regionar nytta andre namn for retten. I Guanajuato, Guerrero, Michoacán og San Luis Potosí nytta ein omgrepa burrito og burro; medan i Yucatán og Quintana Roo nytta ein codzito (coçito).[21][22][23] Den sterke kulturelle stillinga til Mexico by gjorde at taco blei hovudomgrepet, medan omgrep som burrito og codzito anten blei gløymde eller utvikla seg til å tyda noko anna i seinare tider.
I 2024 blei El Califa de León i Mexico by den fyrste taco-bua til å få ei Michelin-stjerne.[24]
Tortillatypar
[endre | endre wikiteksten]
I det meksikanske og sentralamerikanske kjøkenet er tortillaen som oftast av kvitt maismjøl og blir servert mjuk og varm. Ein kan også nytta gult, blått eller raudt mjøl, eller kveitemjøl. Det finst òg tortillaer laga av ei blanding av mais og kveite.[25]
I texmex-kjøkenet blir det ofte nytta tacoskjel av maistortilla gjort på gult maismjøl som blir steikte til ei U-form. Sidan midten av 1900-talet er det utvikla andre harde skjel til tacoar, som skålforma «bowls» og «tubs».[26]
- Vegansk taco på maistortilla.
- Tortilla de harina, kveitetortilla.
- Tacoskjelskål
Tradisjonelle variantar
[endre | endre wikiteksten]
- Tacos al pastor (‘gjetar-stil’), tacos de adobada eller tacos árabes (‘arabisk taco’) er laga av tynt svinekjøt med adobo-krydder som deretter er blitt sette overlappande med kvarandre på eit vertikalt grillspyd og steikte og flammegrilla medan det snur seg rundt, som shawarma.[27][28] Denne varianten blei utvikla av den libanesiske innvandrarbefolkninga i Mexico.[29][30][31]
- Tacos de asador (‘spyd-’ eller ‘grill-taco’) kan bestå av ein av dei følgjande: carne asada tacos; tacos de tripita med grilla kalun (kumage) eller chorizo asado (tradisjonell spansk pølse). Kvar type blir servert på to små overlappande tortillaer som kan vera garnerte med guacamole, salsa, lauk og korianderblad. Ein annan taco som òg blir laga til på grill er 'mulita' (‘lite muldyr’) laga med kjøtt som blir servert mellom to tortillaer og garnert med ost i Oaxaca-stil. «Mulita» blir nytta til å skildra desse typane tacoar mellom to tortillaer i dei nordlege delstatane i Mexico medan dei er kjende som gringas i sørlege Mexico og blir laga med tortillaer laga av kveitemjøl. Tacoar kan òg serverast med salsa.[27][28]
- Tacos de Cabeza (‘hovudtaco’) blir laga av kuhovud som er blitt kokt med damp som kjem ut gjennom ei flat, gjennomhola metallplate. Kjøttypane er cabeza, frå musklane i hovudet; sessos (‘hjerne"); lenga (‘tunge’); cachete (‘kinn’); trompa (‘leppe’) og ojo (‘auge’). Tortillaer til desse tacoane blir varma opp på den same dampplata for å få ein annan konsistens. Desse tacoane blir typisk serverte i par, og inkluderer òg salsa, lauk og korianderblad, nokre gonger òg guacamole.[27][28]
- Tacos de camarones (‘reketaco’) oppstod i Baja California i Mexico. Ein nyttar grilla eller steikte reker, vanlegvis med same tilbehøyr som fisketaco: salat eller kål, pico de gallo, avokado og ein saus av rømme eller sitrus og majones, plassert oppå tortilla av mais eller kveitemjøl.[27][28][32]
- Tacos de cazo (bokstaveleg ‘bøttetaco’) der ei metallskål fylt med smult blir nytta til frityrsteiking. Kjøt til desse typane av taco er typisk tripa (mage, vanlegvis frå ein gris i staden for ein ku, kan òg referera til tarmane); suadero (mørt storfekjøt), carnitas og buche (bokstaveleg ‘kro’, som i fuglekro, eller matrøyret til eit dyr).[27][28][33]
- Tacos de lengua (tungetaco), som blir kokt i vatn med lauk, kvitlauk og laurbærblad i fleire timar til dei er mjuke og møre, og deretter skorne og salta i litt olje.[34]

- Tacos de pescado (‘fisketaco’) har opphav i Baja California i Mexico, der dei består av grilla eller steikt fisk, salat eller kål, pico de gallo, og saus av rømme eller sitrus og majones, oppå toppen av ein mais- eller kveitetortilla. I USA blei dei fyrst utbreidde via snøggmatkjeda Rubio's, og er den mest populære typen i California, Colorado og Washington. I California finst dei ofte i gatekjøkken, og ein regional variasjon er å serve dei med kål og coleslaw-dressing.[27][28]
- Tacos dorados (steikt taco; bokstaveleg ‘gyllen taco’) også kalla flautas (‘fløyte’, på grunn av forma), eller taquitos, er tortillaer fylte med strimla kylling, oksekjøt eller barbacoa-kjøt laga til på førehand, rulla til ein avlang sylinder og frityrsteikt til dei er sprøe.[27][28]
- Tacos sudados (‘sveitt taco’) blir laga ved å fylla mjuke tortillaer med ei krydra kjøtblanding og deretter sette i ein korg som er dekket av tøy. Dekket held tacoane varme og fangar damp («sveitte») som mjuknar dei.[27][35]
- Tacos de birria (stua kjøttaco) blir laga med geit- eller oksekjøt steikt eller stua med krydder og blir servert med sjyet frå det kokte kjøtet som ein dipp. Birria kjem frå den meksikanske delstaten Jalisco, og blei nemnt i ein artikkel i El Paso Herald i 1925. Tacostaden El Remedio i San Antonio byrja å tilby birria de res tacos i den noverande forma si i Texas i 2018. Taco-buer i California og i Sørvest-USA byrja å tilby dei på omtrent same tid.[36][37]

- Taco med fyll av carnitas.
- Grilla reketaco
- Tacos de suadero (grå) og chorizo (raud) som blir laga til i ei tacobu.
- Barbacoa-taco
- Taco al pastor med guacamole
- Ulike typar taco, som quesabirria, suadero, chorizo og carnitas.
Ikkje-tradisjonelle variantar
[endre | endre wikiteksten]Taco med hardt skjel
[endre | endre wikiteksten]
Harde eller sprøe tacoskjel er ein tradisjon som utvikla seg i USA. Denne typen taco blir typisk servert som ein sprøsteikt maiskortilla fylt med krydra kjøtdeig, ost, salat, og til tider tomat, lauk, salsa, rømme og avokado eller guacamole.[38] Slike tacoar blir selde i restaurantar og snøggmatkjeder, medan ingrediensane i boks er lett å få tak i i mange supermarknader. Harde tacoskjel er kjende på spansk som tacos dorados (‘gylne tacoar’), eit namn dei deler med taquitos.[3]
Ulike kjelder tilskriv ulike individ oppfinninga av taco med hardt skjel, men alle dei tilskrivne verker å ha reprodusert ein rett som allereie eksisterte.[3] Frå byrjinga av 1900-talet blei ulike typar taco populære i USA, særleg i Texas og California, men òg andre stadar.[39] På slutten av 1930-talet selde Ashley Mexican Food og Absolute Mexican Foods apparat og ingrediensar for å laga tacoar med harde skjel, og dei fyrste patenta på apparat for å laga harde tacoskjel blei sende inn på 1940-talet.[3] Den fyrste kokeboka i USA som hadde ei oppskrift på ein hardskjelstaco var The Good Life: New Mexican food av Fabiola Cabeza de Baca Gilbert som kom ut i Santa Fe i New Mexico i 1949.[40]

På midten av 1950-talet opna Glen Bell utsalet Taco Tia, og byrja å selja ein forenkla versjon av tacoane som blei selde av meksikanske restaurantar i heimbyen San Bernardino, særleg tacos dorados frå Mitla Cafe eigd av Lucia og Salvador Rodriguez.[3] I løpet av dei neste år blei Bell eigar av fleire matutsal i sørlege California, fire av dei med namnet El Taco.[41] Tacoane som blei selde i restaurantane til Bell var introduksjonen til meksikansk mat for mange anglo-amerikanarar.[3] Bell selte El Taco-restaurantane til ein partner, og opna sin fyrste Taco Bell i Downey i 1962. To år seinare byrja han å selja franchisar, og i 1967 fanst det 100 serveringsstader under Taco Bell-namnet.[41]
Tacoar med mjuke skjel
[endre | endre wikiteksten]
Tradisjonelt blir tacoar med mjuke skjel laga med tortillaer av maismjøl som er steikt eller kokt til ein mjukare tilstand enn harde tacoskjel, vanlegvis gjennom grilling eller damping. Seinare har ordet kome til å omfatta tacoar med kveitetortillaer, hovudsakleg frå store produsentar og restaurantkjeder. I denne samanhengen er mjuke tacoar laga med mjuke kveitetortillaer og fylt med dei same ingrediensane som harde tacoskjel.[42]
Fransk taco eller Lyon-taco er ein taco laga av ein grilla kveitetortilla med eit fyll av pommes frites, ost og ulike typar kjøt.
Koreansk taco er mjuke tacoar med koreansk fyll, som grilla kjøt og doenjang (soyabønnepasta) eller gochujang (raud chilipasta), kimchi og ris.[43] Retten er særleg kjend frå Los Angeles.[44]
Frukosttaco
[endre | endre wikiteksten]
Frukosttaco frå tex-mex-kjøkkenet er ein mjuk mais- eller kveitetortilla fylt med kjøt, egg eller ost, i tilleg til andre valfrie ingredienser.[45] Austin i Texas er blitt kalla opphavsstaden til frukosttaco.[46] Men matskribenten Gustavo Arellano, som også er redaktør for OC Weekly, meinte slike uttalingar speglar ein vanleg trend med å «forkvita» mattradisjonar, og peika på at den sterkt latinamerikanske byen San Antonio i Texas «aldri trong skryta av frukosttacokjærleiken sin – folk der kalla det berre 'frukost'».[47]
Navajo-taco
[endre | endre wikiteksten]Indian taco, eller Navajo taco, blir laga med frybread i staden for tortilla. Dei blir vanlegvis etne på pow-wow-ar, festivalar og andre samkome av og for urfolk i USA og Canada.[48][49]
Ein kjenner ikkje til denne typen taco frå tida før europearar kom til det som no utgjeer Sørvest-USA. Navaho-overleveringar antyder at frybread kom i bruk på 1860-talet då styresmaktene tvinga navahofolka vekk frå heimlandet sitt i Arizona i ei reise kjend som Long Walk of the Navajo. Det blei laga av ingrediensar gjevne av styresmaktene som kosttilskot sidan det nye området dei var flytta til ikkje var gunstig for landbruket dei hadde drive tidlegare.[50]
Puffy taco, taco-kit og tacodilla
[endre | endre wikiteksten]Sidan slutten av 1930-talet har ein variant kjend som puffy taco, puffa taco, vore populær i den nedre Rio Grande-dalen og området rundt. Henry's Puffy Tacos, som blei opna av Henry Lopez i San Antonio, populariserte varianten.[51] Ukokte maistortillaer (flate ballar av masa-deig) blir steikte raskt i heit olje til dei utvidar seg og puffar seg opp.[52][53] Fyllet er likt det ein nyttar i hardskjelvariantar. Restaurantar som tilbyr denne typen taco har sidan dukka opp i andre byar i Texas, og i California, der broren til Henry, Arturo Lopez, opna Arturo's Puffy Taco i Whittier, ikkje lenge etter at Henry opna sin utsalsstad.[54][55] Henry's er blitt teken ovar av neste generasjon av familien.[52]
Tacoboksar er tilgjengelege i mange matbutikkar, og består vanlegvis av tacoskjel (maistortillaer som er steikte til ei U-form), krydderblanding og tacosaus. Kommersielle produsentar kan òg selja tacoboksar med mjuke tortillaer i staden for harde tacoskjel.[56][57]
Tacodilla inneheld smelta ost mellom to bretta tortillaer, og liknar dermed ein quesadilla.[58]
- Puffy taco
- Frybread-taco
- Fisketaco på frybread.
Taco i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Tacoen kom til Noreg kring 1965.[4] Det kom etter førespurnadar frå amerikanske arbeidarar som arbeidde offshore i Nordsjøen som var busette i Stavanger.[4][59] Tacoingrediensar og tilbehøyr var opphavleg importert av kjøpmannen Allert Middelthon, i håp om å tilfredsstilla vitjande amerikanarar.[60][61][62] Typisk norsk taco er svært lik calimex-tacoen, men skil seg gjennom at ein kan nytta hermetisk mais og gulost til retten.[4] Denne tacotypen held fram å vera mest populær, sjølv om fleire oppskrifter og ingrediensar er blitt innførte sidan.[63]
Ifølgje Haugen-gruppa, som distribuerer Old El Paso i Noreg, er Noreg landet som et mest meksikansk mat per innbyggjar etter Mexico.[62] Opplysningskontoret for frukt og grønt hevda i 2021 at over halvparten av alle nordmenn åt taco minst ein gong i månaden.[4] Ifølgje Ipsos åt 12,6 % av nordmenn taco kvar fredag i 2018. Skikken blir gjerne kalla «fredagstaco».[61] Salet av tacoingrediensar hadde eit stort oppsving under koronapandemien, då mange serveringsstader var stengde.[64] Med fleire nye tacoprodukt og marknadsføring av «taco heile veka» blei Santa Maria den leiande produsenten av tacoprodukt i Noreg, etter Old El Paso.[65]
Taco i kulturen
[endre | endre wikiteksten]I Mexico nyttar ein omgrepet «echarse un taco», ‘å hive i seg ein taco’, ganske enkelt for det å eta.[4]
Nokre stader blir taco knytt til særskilde dagar, som tacotysdag i USA og Danmark, og tacofredag i Noreg og Sverige.[66]
I USA har tacoar blitt marknadsførte på tysdagar sidan minst 1933.[67][68][69] Omgrepet har vore omstridd, og fleire kjeder har gjort krav på varemerket «Taco Tuesday», medan andre utsal har hevda at omgrepet er så utbreidd og vanleg at det ikkje kan varemerkast. I 2023 gav Gregory’s Restaurant and Bar opp kravet på varemerket i New Jersey, som den siste kravhaldaren, og omgrepet blei dermed fritt å brukast i heile USA.[70] «Taco Tuesday» er varemerke for Salsa's Fresh Mex Grill i Australia[71][72] og TacoTime i Canada.[73][74][67]
Avleidde rettar
[endre | endre wikiteksten]
Det finst ei rekkje rettar inspirerte av taco, anten laga av tacorestar eller -ingrediensar eller med liknande smakar. Det finst til dømes tacosuppe, tacosalat, taco-lasagne[75] og tacopai. Taco rice er ein rett frå Okinawa, påverka av det amerikanske tilstadeværet der.[76] Iskrem-taco er tacoskjel eller tortilla fylt med iskrem.[77] Choco Taco var eit amerikansk iskremprodukt laga av Good Humor-Breyers av iskremkjeks forma som eit tacoskjel med vaniljeis, fudge, peanøtt og sjokoladetrekk.[78] Produktet blei marknadsført som «The Original Ice Cream Taco».[79]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Boyer, Christopher R. (2014). «Planet Taco: A Global History of Mexican Food». Hispanic American Historical Review 94: 153–154. doi:10.1215/00182168-2390303. Henta 22. juli 2024.
- ↑ Lemon, Robert (2019). The Taco Truck: How Mexican Street Food Is Transforming the American City. University of Illinois Press. ISBN 978-0-252-04245-4. JSTOR 10.5406/j.ctvh9w19c. doi:10.5406/j.ctvh9w19c.
- 1 2 3 4 5 6 «An Oral History of Hard-Shell Tacos». MEL Magazine (på engelsk). Arkivert frå originalen 16. oktober 2019. Henta 16. oktober 2019.
- 1 2 3 4 5 6 Holen, Øyvind. «taco» (på norsk bokmål). Store norske leksikon på snl.no. Henta 27. mars 2023.
- ↑ «Where Did the Taco Come From?». Smithsonian Magazine. Arkivert frå originalen 12. mai 2012. Henta 16. mai 2012.
- 1 2 Tatum, Charles M., red. (2013). «Tacos». Encyclopedia of Latino Culture: From Calaveras to Quinceaneras [3 Volumes]. Cultures of the American Mosaic 1. Greenwood / ABC-CLIO. s. 495–497. enc-lat-cult.
- 1 2 «Definition: Taco». Real Academia Española. Arkivert frå originalen 16. juni 2012. Henta 13. juni 2008. «Tortilla de maíz enrollada con algún alimento dentro, típica de México.»
- ↑ de Echegaray, Eduardo (1887). «Taco» [Etymological Dictionary of the Spanish Language]. Diccionario general etimológico de la lengua española (Scanned book) (på spansk) 5. Madrid. s. 481.
- ↑ Jesús Ventanas, El jamón Ibérico. De la dehesa al paladar., Ediciones Mundi-Prensa, 2006, p. 102.
- ↑ Julio César, (2011), El gran libro de las tapas, Ed. Grupo Salsa, 2011, s. 45.
- ↑ José Bello Gutiérrez, Jamón curado: Aspectos científicos y tecnológicos, Editorial Díaz de Santos, 2012, p. 239.
- ↑ Jesús Ventanas, Tecnología del jamón Ibérico: de los sistemas tradicionales a la explotación del aroma y del sabor, 1st ed., Ediciones Mundi-Prensa, 2001, s. 193.
- 1 2 Frances E. Karttunen (1983). An Analytical Dictionary of Nahuatl. University of Oklahoma Press. ISBN 9780806124216. Henta 14. mars 2016.
- ↑ Florilegio Verbal Náhuatl Arkivert 2017-09-25 ved Wayback Machine., Nexos, Mar. 12, 2016
- ↑ «History of Mexican Cuisine». Margaret Parker. Arkivert frå originalen 2. mai 2008. Henta 30. januar 2015.
- ↑ «A Thumbnail History of Mexican Food». Jim Conrad. Arkivert frå originalen 11. august 2007. Henta 30. januar 2015.
- ↑ Friesen, Katy June. «Where Did the Taco Come From?». Smithsonian Magazine (på engelsk). Arkivert frå originalen 24. november 2022. Henta 28. januar 2023.
- ↑ Carrillo, Antonia (1836). Nuevo y sencillo arte de cocina, reposteria y refrescos. Mexico: Imprenta de Santiago Perez. s. 108. Henta 19. november 2023.
- ↑ Payno, Manuel (1861). El hombre de la situacion. Mexico: Juan Abadiano. s. 147. Henta 19. november 2023.
- ↑ Yvonne "Taco Tuesday: The incomplete history of Tacos" Autostraddle (3. sep. 2015) Arkivert 2022-11-24 ved Wayback Machine. (Accessed Nov. 24, 2022)
- ↑ Ramos y Duarte, Féliz (1895). Diccionario de Mejicanismos. Imprenta de Eduardo Dublan. s. 98.
- ↑ Santamaría, Francisco J. (1959). Diccionario de Mejicanismos (Second utg.). Mexico City: Editorial Porrúa. s. 158. Henta 23. april 2024.
- ↑ «Burrito». Diccionario del Español de México. Colegio de México. Henta 23. april 2024.
- ↑ Graham, Thomas (18. mai 2024). «Fans queue round the block as tiny Mexican taco stand wins Michelin star». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 3. juli 2024.
- ↑ «Tortilla Corn & Wheat Small - Et produkt fra Santa Maria», SantaMaria (på norsk bokmål), henta 24. mars 2026
- ↑ Jones, Catherine (23. januar 2024), «The Controversial History of Taco Bowls», Nuestro Stories (på engelsk), henta 24. mars 2026
- 1 2 3 4 5 6 7 8 Graber, Karen Hursh. «Wrap It Up: A Guide to Mexican Street Tacos (Part One of Two)». Mexico Connect. Arkivert frå originalen 20. februar 2009. Henta 7. juli 2008.
- 1 2 3 4 5 6 7 Graber, Karen Hursh. «Wrap It Up: A Guide to Mexican Street Tacos Part II: Nighttime Tacos». Mexico Connect. Arkivert frå originalen 1. mars 2009. Henta 7. juli 2008.
- ↑ Watson, Katy. «Sharwarma: Taco al pastor's culinary ancestor». BBC. Henta 4 August 2022.
- ↑ Sterling, David (2014). Yucatán: Recipes from a Culinary Expedition. University of Texas Press. s. 333, 358–363. ISBN 978-0292735811.
- ↑ Sterling, David. «The Lebanese Connection, Yucatan: A Culinary Expedition». Arkivert frå originalen 26 April 2016. Henta 12. juli 2022.
- ↑ Graber, Karen Hursh. «Tacos de camaron y nopalitos». Mexico Connect. Arkivert frå originalen 9. august 2009. Henta 14. august 2009.
- ↑ Feld, Jonah (2006). «The Burrito Blog — Buche». Arkivert frå originalen 26. mai 2008. Henta 26. juli 2008.
- ↑ Bourdain, Anthony (7. juni 2010). Medium Raw: A Bloody Valentine to the World of Food and the People Who Cook. A&C Black. s. 85. ISBN 978-1-4088-0914-3.
- ↑ «Tacos Sudados (Mexican recipe)». Mexican Cuisine. Arkivert frå originalen 8. juli 2011. Henta 9. juli 2008.
- ↑ José R. Ralat (8. juli 2022), «Birria Is the Greatest Threat to Taco Culture—and Its Savior», Texas Monthly, arkivert frå originalen 10 July 2022, henta 5. desember 2023
- ↑ Luke Tsai (21. november 2019), «The Bay Area's Hottest Taco Trend Comes Courtesy of LA, Tijuana, and Instagram», Eater San Francisco, arkivert frå originalen 10. juli 2020, henta 7. desember 2023
- ↑ Gilb, Dagoberto (19. mars 2006). «Taco Bell Nation». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 19. september 2008. Henta 24. juli 2008.
- ↑ «Tacos, Enchilidas and Refried Beans: The Invention of Mexican-American Cookery». Oregon State University. Arkivert frå originalen 18. juli 2007. Henta 14. juli 2008.
- ↑ Freedman, Robert L. (1981). Human food uses: a cross-cultural, comprehensive annotated bibliography. Westport, CT: Greenwood Press. s. 152. ISBN 0-313-22901-5. Arkivert frå originalen 12. januar 2023. Henta 27 December 2011.
- 1 2 «Company Information». Taco Bell. Arkivert frå originalen 12. august 2011. Henta August 16, 2011.
- ↑ «Homemade Chorizo Soft Tacos (recipe)». BigOven.com. Arkivert frå originalen 18. juni 2009. Henta 9. juli 2008.
- ↑ Traud, Michael (2015), «Korean Taco», Savoring Gotham: A Food Lover’s Companion to New York City (Oxford University Press)
- ↑ Jane & Michael Stern (15. november 2009). «In Search of American Food».
- ↑ Stradley, Linda. «Breakfast Tacos». What's Cooking America. Arkivert frå originalen 11. juni 2008. Henta 9. juli 2008.
- ↑ How Austin Became the Home of the Crucial Breakfast Taco Arkivert 2016-03-17 ved Wayback Machine., Eater Austin, Feb. 19, 2016,
- ↑ Arrellano, Gustavo (23 February 2016), «Who Invented Breakfast Tacos? Not Austin - and People Should STFU About It», OC Weekly, arkivert frå originalen 10 March 2016, henta 14 March 2016
- ↑ «Navajo Fry Bread and Indian Tacos: History and Recipes of Navajo Fry Bread and Indian Tacos». Linda Stradley. Arkivert frå originalen 25 December 2013. Henta 3. januar 2014.
- ↑ «Hundreds attend powwow». Louisiana Broadcasting LLC and Capital City Press LLC. Arkivert frå originalen 4 March 2009. Henta 3. januar 2014.
- ↑ Miller, Jen. «Frybread». Smithsonian.com. Arkivert frå originalen 2. desember 2013. Henta 20. januar 2012.
- ↑ Ralat, José R. (18. mars 2020). «The Delicate History of the Puffy Taco». Texas Monthly. Henta 3. mai 2025.
- 1 2 Lankford, Randy. «Henry's Puffy Tacos – San Antonio». TexasCooking.com. Mesquite Management, Inc. Arkivert frå originalen 25 January 2012. Henta 26 December 2011.
- ↑ «Puffy Tacos (recipe from Saveur)». Saveur. 2003. Arkivert frå originalen 7. september 2008. Henta 26. juli 2008.
- ↑ Gold, Jonathan. «Getting Stuffed at Arturo's Puffy Taco». LA Weekly. LA Weekly LP. Arkivert frå originalen 24. desember 2013. Henta 14. august 2011.
- ↑ Chisholm, Barbara (30. april 2004). «The Puffy Taco Invasion». The Austin Chronicle 23 (35) (Austin Chronicle Corp). Arkivert frå originalen 7. april 2007. Henta 14. august 2011.
- ↑ «Old El Paso Taco Dinner Kit». Ciao! Shopping Intelligence — UK (blog). Arkivert frå originalen 14. juni 2008. Henta 8. juli 2008.
- ↑ «Ortega Taco Kits». B&G Foods. Arkivert frå originalen 17. august 2018. Henta 4. mars 2014.
- ↑ «Green tomato and corn tacodillas». Honest Fare. Arkivert frå originalen 8. august 2020. Henta 13. november 2010.
- ↑ Rolv Christian Topdahl; Øystein Otterdal & Ruth Einervoll Nilsen. «– Vi solgte taco og tortillachips før alle andre» (på norsk bokmål). NRK. Henta 27. mars 2023.
- ↑ https://snl.no/taco
- 1 2 Njarga, Berit B. (22. oktober 2021). «Fredagstaco med en vri?». vi.no (på norsk). Henta 1. januar 2022.
- 1 2 «Hvordan ble nordmenn så glade i taco? | KIWI». kiwi.no. Henta 1. januar 2022.
- ↑ «The art of getting Norwegians to try a new taco», ALLER ANNONSE (på engelsk), henta 24. mars 2026
- ↑ Hopland, Sindre (27. februar 2021), «Taco-eksplosjon: Økte salget med 250 mill. i fjor», E24 (på norsk bokmål), henta 24. mars 2026
- ↑ «Taco hele uken – slik ble SANTA MARIA størst i Norge», www.maverix.no (på norsk), henta 24. mars 2026
- ↑ «Svensk tacos firar 30 år – är en miljardindustri: ”Kanske…», Dagens industri (på svensk), 14. juli 2021, henta 24. mars 2026
- 1 2 Arellano, Gustavo (3. september 2018). «The Crazy Contentious History of Taco Tuesday». Thrillist. Henta 5. mars 2025.
- ↑ Hernandez, Daniel (September 4, 2019). «LeBron James, a Fan of Tacos, Seeks to Trademark 'Taco Tuesday'». The New York Times. Henta 5. mars 2025.
- ↑ Arellano, Gustavo (September 3, 2019). «Why LeBron James should free 'Taco Tuesday' from its trademark shackles». Los Angeles Times. Henta 5. mars 2025.
- ↑ Valinsky, Jordan (24. oktober 2023). «Taco Bell's battle to free the 'Taco Tuesday' trademark is officially over». CNN. Henta 24. oktober 2023.
- ↑ Millar, Ben (13. juni 2018). «Salsas fires salvo in 'Taco Tuesday' stand-off». The Age.
- ↑ Hailey, Renault (June 18, 2018). «'Taco Tuesday' trademark war sparks debate over words and phrases we can lay claim to». Australian Broadcasting Corporation.
- ↑ Lagerquist, Jeff (February 14, 2018). «Calgary eatery's 'Taco Tuesday' draws legal threat from restaurant industry giant]». CTV News.
- ↑ «Taco Tuesday trademark tussle hits Calgary cantina». Canadian Broadcasting Corporation. 13. februar 2018.
- ↑ redaksjonen, KIWI (26. januar 2021), «Dette kan du bruke tacorestene til», kiwi.no (på norsk), henta 24. mars 2026
- ↑ «Today's Food Culture - Time to rediscover traditional cooking». Okinawa Convention & Visitors Bureau. 31 March 2005. Arkivert frå originalen 30 November 2006. Henta 19 May 2015.
- ↑ MENY, «Iskrem-taco | Oppskrift», meny.no (på norsk), henta 24. mars 2026
- ↑ Galarza, Daniela (26. oktober 2016). «The Ultimate Ice Cream Glossary, From A to Z». Eater. Arkivert frå originalen 18. august 2017. Henta 18. august 2017.
- ↑ Cohen, Jason (26. august 2016). «The Origins of the Choco Taco». Eater (på engelsk). Arkivert frå originalen 9. januar 2019. Henta 10. juni 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Taco» frå Wikipedia på svensk, den 20. mai 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Taco» frå Wikipedia på bokmål, og «Taco» frå Wikipedia på engelsk den 4. februar 2026.
- Bibliografi
- Arellano, Gustavo (2012). Taco USA: How Mexican Food Conquered America. New York: Scribner. ISBN 978-1-4391-4861-7.
- Holtz, Déborah; Mena, Juan Carlos (2012). La Tacopedia: Enciclopedia del Taco (på spansk). Trilce Ediciones. ISBN 978-607-7663-35-5.
- Pilcher, Jeffrey M. (2012). Planet Taco: A Global History of Mexican Food. New York: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-974006-2.